Etter å ha spelt i 2.div i vår og i utgangspunktet sikra plassen der også til hausten, måtte gutane likevel ned eit nivå i haust grunna lag høgare oppe som hadde trekt seg og då ei omlegging av seriesystemet.

Her viste det seg raskt at avdelingssigeren kom til å stå mellom Ørskog, Stranda og Blindheim, og spenninga varte heilt inn til siste kamp.

Etter at A-laget mista opprykk på målforskjell og G19 det samme med kretsmestertittelen, var det på tide at marginane gjekk vår vei, og før siste kamp borte mot Blindheim i går, var gutane avhengig av og vinne med 5 mål. Dei "cruisa" inn til ein komfortabel 7-2 siger, og vart då avdelingsvinnera med samme poengsum og lik målforskjell som Stranda, men med 41 skåra mål mot Stranda sine 35 haldt det med "god margin".

Vi gratulerer gutane med vel gjennomført sesong!