Det var felles dugnad for alle laga på Ørskogbanken stadion i dag. Mykje godt arbeid vart utført: Duken rundt bana vart lagt ut, ordna nye veggar og benkar på innbyttarskura, fiksa opp og rydda i utstyrshallen, fekk plassert granulatsekkane inn i utstyrshallen, skrudd opp nye reklameskilt rundt bana og fleire forefallande oppgåver.

Stort oppmøte med mykje drillar, snekkerutstyr, vinkelkutter, hårføner, varmepistol og traktor.

Takk for innsatsen til alle saman.