Eline, Linn, Adele, Henriette, Ingrid, Malene, Thale, Christina, Anna, Maria og Olivia gjennomførte ein kjempe kamp mot Valldal på heimebane i kveld.
Det første målet kom frå Ingrid etter 9 minutt og Maria toppa resten av første omgang med å scora dei tre neste måla etter 14, 17 og 19 minutt - Ekte hat-trick med andre ord.
Olivia opna 2. omgang med første mål etter 55 minutt - Valldal forsøkte å henge på med to mål på rappen like etter, men Ingrid svarte med å sette inn det 6. målet like etterpå.
Sjølv om Valldal fekk den siste ballen inn i mål, var det Ørskog jentene som gikk av som kampens vinnar med eit veldig god 6 - 3 resultat på bana.
Og med dette resultatet leder Ørskog haust tabellen.