Dette er første steget i NFF si trenarutdanning. Målet er at deltakarane skal kunne sette i gang og lede fornuftig og tilrettelagt fotballaktivitet som skaper meistring, tryggleik og trivsel for alle – både på trening og i kamp.

Kurset i Ørskog har samla trenarar frå fleire klubbar, inkludert heile 14 frå vår klubb, som no har fått fagleg påfyll og ny inspirasjon til treningskvardagen.

Instruktør gjennom heile kurset var fotballkretsen sin dyktige og engasjerte trenarutviklar Ronny Ødegård. Spelarar frå Ørskog G8 og G9 stilte opp under dei praktiske delane.