Men inn til ferien mista dei fleire sentrale spelera no til haustsesongen, og vi såg for oss at det nok kunne bli vanskeleg å inneha denne posisjonen videre framover.
Første kamp endte med 2-1 siger til tabellnabo Herd, der vi var uheldige og fekk forfall på begge stopperane rett inn mot kampen, men holdt likevel godt unna.
I går kom då Spjelkavik på besøk, ein klubb som har to G16-lag, to G19-lag og tre A-lag, og driv då i ein litt anna skala enn "vesle" Ørskog. Likevel klarte Ørskog med sine totalt 13 menn og nedkjempe "Vika" og ta tre poeng etter ein kamp der spelerane verkeleg la ned ein kjempeinnsats!! 2-1 sigeren vart sikra etter 1-0 skåring der Sondre Hanestadhaugen kjempa godt i duell med ein pressa Vika-keeper som boksa ballen i eige mål, før Elling Kongsnes Jørgenvåg satte kontrollert inn matchvinnerskåringa etter 35 minutt. Vika hadde utligna til 1-1 fem minutt tidligere, men etter at Ørskog tok leiinga igjen holdt dei heltemodig stand og kjempa for kvar ein ball og fekk til slutt ein ikkje ufortent siger mot storebror Vika.
Med denne sigeren er då Ørskog tilbake på tabelltopp! Neste kamp er borte mot Brattvåg/Norborg/Harøy 09.september.