Ørskog gjekk kjapt opp i ei 2-0 leiing etter skåringer av Elling Jørgenvåg og Adrian Amdam, og med ytterligere ei skåring av Elling på straffe etter rundt 17-18 min såg det ut til å gå vegen. Skjervøy svarte kontant med to mål siste 5 min av første omgang, og då 3-2 favør Ørskog til pause.
I andre omgang vart småslitne Ørskogspelera pressa meir og meir bakover og Skjervøy fekk etterkvart putta to mål til og då 4-3 i deira favør. Sondre Hanestadhaugen såg ut til å gje Ørskog nytt håp med utligning i siste speleminutt og då over i ekstraomganger og Golden Goal (Første målet vinn).
Ørskog holdt godt følge i første omgang, men dessverre for Ørskog fekk Skjervøy den avgjerande skåringa ut i andre ekstraomgang, og då var det brått slutt.
Uansett har dette laget imponert stort under årets Norwaycup, med eit blanda lag med guta og jente, og lav snittalder. Kjempeinnsats av alle ihop og ørsmå marginer unna ein finale/bronsefinale.