Ørskog fekk ein pangstart på 8-delsfinalen, då Sondre Viset Stokke sette inn 1-0 på straffespark etter at han sjølv hadde blitt felt like etter avspark. Men resten av 1. omgang blei gutane våre pressa bakpå av eit teknisk godt og velspelande motstanderlag. Canaan scora to mål, og det kunne fort blitt fleire baklengs for Ørskog. Med kun 1-2 til pause var det likevel fortsatt mulig å snu kampen.
Etter pause var det Ørskog som gjekk offensivt ut, og nesten alt spel i 2. omgang føregjekk på Canaan sin banehalvdel. Trass i hard jobbing og ein del fine ØIL-muligheter, ville det seg ikkje heilt. Dermed vart 8-delsfinalen også den siste kampen i årets Norway Cup for dette Ørskog-laget.
Tidligare på dagen hadde laget levert ein kjempekamp i 16-delsfinalen mot Nore Neset. Laget frå Vestland kom til a-sluttspelet som gruppevinner, men Ørskog vart for sterke og vann dette oppgjeret med solide 3-0.