Etter å ha slått både Brumunddal og Nashama Jordan klart i dei to første rundene, møtte dei i dag sterke Odda FK. Med seier her ville Ørskog blitt gruppevinner. 
 
Det blei ein jamn og intens kamp i regnvéret på Valle Hovin, og då dommeren frå Nord-Makedonia blåste for full tid sto det 5-5. Det var nok eit rettferdig resultat ut frå spel og målsjansar. 
 
Dermed sto dei to topplaga Ørskog og Odda med sju poeng kvar etter tre kampar. Laget frå Hardanger vart gruppevinner på grunn av bedre målforskjell. 
 
Gutane våre var klare for a-sluttspel allereie før dagens kamp. Onsdag er det eit anna lag frå Vestland som er motstander i 16-delsfinalen, nemlig Os-klubben Nore Neset IL. Kampen blir spelt på Ekebergsletta kl. 12.