Ørskog friidrett har lavterskel løpetrening kvar torsdag klokka 17:00 med oppmøte på friidrettsbana. Det er lagt opp til eit opplegg som kan passe for alle, både for den som har erfaring frå friidrett og den som aldri har løpt før.
Vi starter med rolig oppvarming rundt Øyra, ca 1300m, deretter litt tøyning for å mjuke opp. Deretter spring vi fram og tilbake på sprintfeltet nokre gonger, stigningsløp. Så er det intervaltrening på rundbana, der ein er med så mykje ein vil, etter dagsform og kondisjon. Vi avslutter treningsøkta med litt nedjogging.