Så enkelt er det å melde seg inn i Ørskog IL

Gå inn på: https://minidrett.nif.no

Kostnad

For 2022 er medlemskontingenten i Ørskog IL: kr. 100,- pr. kalenderår.

Allerede registrert?

Dersom du allereie er registret der, søkjer du opp Ørskog idrottslag og ber om å bli medlem. Er du ikkje registrert i «minidrett» må du registrere deg der først med brukarnamn og passord.

Du må registrere deg med fullt namn, fødselsdato (dato, månad, år), adresse, mobilnummer,
e-postadresse og kva idrett du skal vere registrert som medlem i. På denne måten kan du administrere medlemsskapet ditt sjølv.

God rettleiing finn du på minidrett.no - hjelpfunksjonen 


Lurer du på noko om medlemskap, send ein e-post til siv@krokfoss.noeller møt opp på trening saman med kameratar, og snakk med trenaren.

Medlemsoversikt

For Ørskog IL er det viktig at du som medlem registrerer deg i https://minidrett.nif.no.
Registreringane her utgjer idrettslaget si medlemsoversikt.

Medlemskontingent

Krav om medlemskontingent vil koma som ei elektronisk løysing gjennom minidrett.no. Dersom du ikkje ønskjer elektronisk faktura på medlemskontingenten, ta kontakt med idrettslaget (aslak@krokfoss.no) så får du faktura.

Satsar for medlemskontingent

Passive medlemmer kan støtte opp om dei aktivitetane Ørskog Idrottslag bedriv ved å teikne seg som støttemedlem. Mange besteforeldre støttar fritidstilbodet til barneborna på denne måten. Passivt medlemskap kostar 100,- kroner pr. år.

Det er årsmøtet som fastset Ørskog Idrottslag sin kontingent. Dei forskjellige gruppene krev tillegg inn treningsavgift/gruppekontingent.