Målet er å skape ein god arena for leik i idrettshallen, der fokuset er læring og mestring saman med andre barn og foreldre. Vi har ingen planlagt aktivitet, noko som betyr barna sjølve får velge kva dei vil leike, og at foreldre må være med for å ivareta eigne born. Vi ønsker å inkludere alle barn i alderen 2-6 år, og kan i stor grad tilrettelegge for ulike typar leik og aktivitet, både i idrettshallen og i nærområdet.  

I tillegg til tida inne i idrettshallen nyttar vi oss også av mulegheitene rundt oss, med turar til leikeplassar og i fjøra, vi grillar, og har turar med båt og fiske for å nemne noko. Om vinteren er vi gjerne ute å akar, står på ski, fyrer opp i bål panna og nyt kakao på kalde vinterdagar.  

 

Vi håpar vi ser ditt barn på idrettsskule!