Vi har holdt gruppa levande ved å ha eit trimlag for voksne menn og kvinner.

Denne gruppa har trening ein gong i veka og har hatt meget godt oppmøte dei siste åra.
Her har vi i utgangspunktet åpent for alle som vil være med, og det er folk i alle aldrar som stiller opp.

Eit lite krav om at du bør ha vore borti ein volleyball før og ha litt kunnskap om spelet sidan vi ikkje har trenar.
Søk opp Trimvolleyball på Facebook eller ta kontakt med leder i gruppa om du vil være med! 

Vi vil gjerne ha meir aktivitet!

Dersom vi får til meir aktivitet så vil sjølvsagt alle trenarar få trenerkurs og det dei treng av kompetanseheving.

Ta kontakt med leder i gruppa dersom du har spørsmål eller andre henvendelsar.